Kåre Olav Berg () var ein kombinertrennar som både var fødd og døydde i Dalsbygda i Os kommune i Hedmark. Han tok NM-gull i kombinert i 1969, 1970, 1971 og 1972, og fekk bronsemedaljen i 1968. Berg vann kombinertrennet i Svenska skidspelen i 1969 og i Lahtispelen i 1970. Han deltok både i OL i Grenoble i 1968 og i Sapporo i 1972, og vart høvesvis nummer 28 og nummer 8.

Berg fekk Kongepokalen i skiidrett i 1970.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1968: Nr 4 i Svenska Skidspelen i Falun, nr 5 i Holmenkollen og nr 11 i Lahti 1969: Vinnar av Svenska Skidspelen i Falun 1970: Vinnar i Lahti og nr 5 i Holmenkollen 1971: Nr 4 i Lahti 1972: Nr 8 i vinter-OL i Sapporo, nr 7 i Lahti 1973: Nr 10 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1967: Nr 8 i Mo i Rana Ski-NM 1968: Bronsemedalje i Ørskog Ski-NM 1969: Gullmedalje på Raufoss Ski-NM 1970: Gullmedalje i Trondheim Ski-NM 1971: Gullmedalje på Fåberg Ski-NM 1972: Gullmedalje i Trondheim Ski-NM 1973: Nr 4 på Lillehammer Ski-NM 1974: Nr 5 i Selbu Ski-NM 1975: Nr 8 i Rælingen

I tillegg til å vere kombinertrennar, var han i si tid også aktiv som målvakt på IL Nansen sitt fotballag.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Kåre Olav Berg» frå , den 24. november 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Noregsmeistrar i kombinert Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Folk frå Os