Charlotte Bay er ei bukt på vestkysten av Den antarktiske halvøya på vestkysten av Graham Land med ei breidde på 22 km mellom Reclus Peninsula og Cape Murray. Bukta vart oppdaga av Adrien de Gerlache under Belgica-ekspedisjonen 1897–99 og kalla opp forloveden til Georges Lecointe, Gerlache sin nestkommanderande og hydrograf under ekspedisjonen.
Hytta i Charlotte Bay Falklands Islands Dependency Survey (British Antarctic Survey from 1962) si hytte vart bygt i Portal Point (), mellom Brabant Island og Danco Coast.
Sesongen 1956-1957 kartla Wally Herbert, leiaren for ein seinare britisk ekspedisjon, området frå Hope Bay og kom fram til Charlotte Bay-hytta for å plukkast opp av RRS «Shackleton». Utan radio kunne ikkje Herbert vite at «Shackleton» hadde råka eit isfjell og var på veg attende til Falklandsøyane for reparasjonar. Dei seks mennene og hundane deira måtte halde seg i hytta i kring tre månader utan at dei visste om dei kom til å bli henta, og med stadig mindre forsyningar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Charlotte Bay» frå , den 25. november 2012. oppgav desse kjeldene: Antarctica. Sydney: Reader's Digest, 1985, s. 189, 216. Stewart, Andrew, Antarctica: An Encyclopedia. London: McFarland and Co., 1990 (2 volumes), s. 182. U.S. National Science Foundation, Geographic Names av Antarctica, Fred G. Alberts, ed. Washington: NSF, 1980. SCAR Composite Gazetteer of Antarctica.
Kategori:Bukter i Graham Land Kategori:Danco Coast