Iver Andreas Günther Holter () var ein norsk jurist, kjøpmann og stadskaptein i Drammen. Han var òg tilsett i tollvesenet.

I 1814 var han medlem av vernepliktskomiteen sett ned av Riksforsamlinga. Han var ikkje medlem av sjølve Riksforsamlinga, men var andrerepresentant frå Drammen til Omframstortinget i 1814.

Holter var gift to gonger; fyrste gong med Elen Lange, dotter av magasinforvaltaren på Akershus festning, Andreas Lange og andre gong med Vilhelmine Margrethe Rode, dotter av major Georg Frederik Rode og Wilhelmine Stockfleth.

Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, 1814-1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K digital utgåve side 405

Kategori:Stortingsrepresentantar 1814 Kategori:Stortingsrepresentantar for Drammen Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Drammen