Hvalbukta (engelsk Bay of Whales) er ei naturleg ishamn føre Rossisen like nord for Roosevelt Island i Antarktis. Ho er det sørlegaste punktet med ope hav ikkje berre i Rosshavet, men i heile verda. Rosshavet strekkjer seg mykje lenger sørover, så langt som til Gold Coast, kring 320 km frå Sørpolen, men dette området er stort sett dekt av Rossisen og ikkje ope hav.
Oppdaging og namngjeving mini|venstre|300px|Hvalbukta
Ernest Shackleton gav bukta namn den 24. januar 1908 under Nimrod-ekspedisjonen, på grunn av dei mange kvalane som vart sett nær bukta.
Historie Under kappløpet mot Sørpolen, oppretta Roald Amundsen ein mellombels base, som han kalla Framheim, ved Hvalbukta. Basen vart nytta mellom januar 1911–februar 1912.Framheim (Store norske leksikon)
Hvalbukta har òg vore logistisk base for fleire andre viktige antarktiskekspedisjonar, som: 1928–1930: Richard Evelyn Byrd – den første ekspedisjonen 1933–1935: Richard Evelyn Byrd – den andre ekspedisjonen 1939–1941: Richard Evelyn Byrd – den tredje ekspedisjonen
Hvalbukta skiftar kontinuerleg form. Ei landmåling gjort under den andre Byrd-ekspedisjonen i 1934 fann ut at bukta låg i kryssinga mellom to forskjellige issystem, og rørsla deira er påverka av Roosevelt Island som ligg i nærleiken. Offiseren Glen Jacobsen i USN, som vitja bukta ombord på USS «Atka» i januar 1955, fann ut at kalving frå isbremmen gjorde at ein då ikkje kunne nytte ishamna.
Hvalbukta vart heilt øydelagd i 1987 då eit 159 km langt isfjell braut laus frå Rossisen.«Bay of Whales.» Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online.Encyclopædia Britannica Inc., 2011, Web.16 Dec. 2011,
Sjå òg Walvis Bay Iskai Atkabukta Erskine Iceport Godel Iceport Norsel Iceport
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bay of Whales» frå , den 27. november 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Hamner i Ross Dependency Kategori:Bukter i Ross Dependency