Paulding Bay er ei bukt langs kysten av Antarktis like vest for Clark Point. Dei ytre delane av bukta grensar til Moscow University isbrem og Voyeykov isbrem. Ho vart kartlagd av G.D. Blodgett (1955) frå flyfoto tekne av USN Operasjon Highjump (1946-47), og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter James K. Paulding som var sekretær i marinen under Martin Van Buren. Paulding hadde tidlegare tent som agent i U.S. Navy for New York og var ein viktig person i utrustinga av US Exploring Expedition (1838-42) under løytnant Charles Wilkes.

Kjelder

Kategori:Bukter i Wilkes Land