Wrigley Gulf er ei bukt langs kysten av Antarktis, på sjøsida av Getz isbrem. Bukta grensar til Grant Island, Dean Island og Siple Island, som delvis ligg inne i isbremmen.

Wrigley Gulf vart oppdaga i desember 1940 av U.S. Antarctic Service (USAS), og kalla opp etter Philip Wrigley, ein produsent frå Chicago som støtta ekspedisjonen.

Kjelder

Kategori:Bukter i Marie Byrd Land