Nils Larsen () var ein norsk kaptein og kvalfangar.
Nils Larsen var førstestyrmann på Den første Norvegia-ekspedisjonen som annekterte Bouvetøya for Noreg 1. desember 1927 og Den andre Norvegia-ekspedisjonen som annekterte Peter I Øy 2. februar 1929. Nils Larsen var òg kaptein på Den tredje og Den fjerde Norvegia-ekspedisjonen. Den fjerde Norvegia-ekspedisjonen gjorde ei omsegling av heile Antarktika, kor blant anna kartleggingsarbeidet førte til at Prinsesse Ragnhild Kyst vart oppdaga.
Nils Larsen var første førstestyrmannen på den tredje Thorshavn-ekspedisjonen i Antarktis 1933-34 og kaptein på norske kvalkokeri i Sørishavet. I 1946–47 førte han «Brategg» på Brategg-ekspedisjonen til stillehavssektoren av Antarktis.
Han var gift med Aslaug Marie Larsen (f. 1911, d. 2005).
Utmerkingar Larsen mottok Kongens fortenestmedalje i gull i 1931 for innsatsen sin på Norvegia-ekspedisjonane.
Nils Larsenfjellet i Dronning Maud Land, Mount Nils i Enderby Land og Nils Larsenbreen på Peter I Øy er kalla opp etter han.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nils Larsen (kaptein)» frå , den 11. desember 2012.
Bakgrunnsstoff Nils Larsen i Norsk biografisk leksikon
Kategori:Norske kapteinar Kategori:Norske kvalfangarar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Folk frå Sandefjord