Dua (frå latin Columba) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det ligg like sør for Den store hunden og Haren.
Kjende objekt mini|venstre|256px|Stjernebiletet Dua slik det er for det nakne auga.
Stjerner Dua er heller lyssvakt, og den mest lyssterke stjerna, Alfa Columbae, har berre storleiksklasse 2,7. Alfa Columbae er ei blåkvit star som tradisjonelt har blitt kalla Phact. Alfa Columbae ligg 268 lysår frå jorda. Den einaste andre namngjevne stjerna i Dua er Beta Columbae, som har namnet Wazn. Ho er ei oransje kjempestjerne med storleiksklasse 3,1, 86 lysår frå jorda.
Dua er stjernebiletet som ligg ved solart antapeks - jorda (og sola) flyttar seg bort frå retninga til stjernebiletet når solsystemet flyttar seg gjennom rommet.
Stjernebiletet inneheld den galopperande stjerna μ Columbae, som truleg vart driven bort frå ι Orionis-systemet.
Djupromsobjekt Det ligg ein kulehop i Dua, NGC 1851 som har storleiksklasse 7. Ho ligg 35 000 lysår frå jorda og er mogeleg å sjå i mellomstore amatørteleskop.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Columba (constellation)» frå , den 7. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Ian Ridpath and Wil Tirion (2007). Stars and Planets Guide, Collins, London. ISBN 978-0-00-725120-9. Princeton University Press, Princeton. ISBN 978-0-691-13556-4.
Bakgrunnsstoff
Star Tales – Columba Dua på Constellation Guide
Kategori:Stjernebilete Kategori:Sørlege stjernebilete