Axel Holst () var ein norsk lege og professor i medisin, kjend for bidraga sine i kampen mot skjørbuk.
Holst tok medisinsk embetseksamen i 1884 og vart dr.med. med ei avhandling om streptokokkar i 1892, begge ved Det Kongelige Frederiks Universitet. Ved same lærestad var han professor i medisin (1893–1930), og leia institutt for hygiene og bakteriologi. Han var rektor 1919-21 og var president i Den norske lægeforening (1898-99, 1902-03).
Holst er mest kjend for arbeidet sitt med Theodor Frølich og Valentin Fürst, der dei fann ei kopling mellom ernæring og skjørbuk, og påviste rolla til C-vitaminet.K. Norum og H. Grav, Axel Holst og Theodor Frølich - pionerer i bekjempelsen av skjørbuk, Tidsskriftet for den norske lægeforening, 122:1686-7 (2002) Før det hadde han òg vesentlege bidrag til forståinga av mellom anna rolla til inneklimaet.Axel Holst, Mere om kjelderboliger og et punkt i kjelderparagrafen af udkastet til landsbygningslov, Tidsskr Nor Lægeforen 1894; 14: 81-6 Han gav òg ut fleire bøker om hygiene.Holst, Axel, Skolehygiene. En oversigt for lærere. Kristiania 1917 (andre opplag)Holst, Axel, Hygiene. Oslo 1928 Holst var soneson av statsfysikus og professor i hygiene, Frederik Holst, i tillegg til bror til dr.phil. Clara Holst.
Holst Point er eit nes i Antarktis som er kalla opp etter Axel Holst.
Verv og utmerkingar H.K.H. Kronprinsens gullmedalje 1887 Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning 1918
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Axel Holst» frå , den 16. desember 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Holst (Nasjonalbiblioteket).
Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Rektorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Bakteriologar Kategori:Norske medisinprofessorar Kategori:Vitskapsfolk frå Oslo