Cape Bienvenue er eit lite klippenes på 44 moh. på austsida av innløpet til Piner Bay i Antarktis som er delvis isdekt. Det vart fotografert frå lufta av U.S. Navy Operasjon Highjump, 1946-47. Det vart kartlagt og namngjeve av Den franske antarktisekspedisjonen under Barre, 1951–52, som oppretta ein astronomisk kontrollstasjon på neset. Bienvenue er eit fransk ord som tyder 'velkomen', som synte at franskmennene var nøgde med å finne eit nes som ikkje tidlegare var kartlagt der dei kunne gå i land.

Kjelder

Kategori:Nes i Adélie Land