Johan Gustav Austeen () var ein norsk skulemann og stortingsmann frå Brunlanes i Vestfold. Han representerte fyrst Venstre og sidan Frisinna Venstre på Stortinget.
Austeen var son til ein gardbrukar. Han gjekk amtsskule før han åra 1887-90 gjekk landbrukshøgskulen på Ås. Dei neste fem åra var han gardsfullmektig ved landbrukshøgskulen. Sidan 1895 var han styrar av landbruksskulen i Sem i Vestfold.
Austeen var 1904-07 medlem av heradsstyret i Sem og tida 1905-07 styreformann i Vestfold skogselskap. Periodane 1906-09 og 1910-12 var han einmannskrinsen Sandeherred sin representant til Stortinget. I den fyrste bolken representerte han partiet Venstre og var medlem av justiskomiteen. Den andre valbolken var han vald inn for Frisinna Venstre og hadde sete i landbrukskomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Folk frå Larvik