Svend Balthazar Eriksen () var ein norsk forretningsdrivar og stortingsmann frå Stavanger.
Eriksen var son til ein garvarmeister og skipsreiar. Han var sjølv garvarmeister i Stavanger, og var dessutan medeigar i firmaet S. Eriksen. Eriksen var medlem av Stavanger bystyre 1895-1904, i fleire år av formannskapet.
I tida 1898-1903 representerte Eriksen valkrinsen Stavanger og Haugesund på Stortinget. Han var medlem av næringskomité nr 2 i den fyrste treårsperioden, sekretær i same i den andre perioden. I den andre perioden var han også medlem av Lagtinget.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger og Haugesund Kategori:Lokalpolitikarar i Stavanger Kategori:Venstrepolitikarar i Rogaland Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Folk frå Stavanger