Seglet (frå latin Vela) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det var opphavleg ein del av det større stjernebiletet Argo Navis, som seinare vart delt inn i fire delar: Kjølen, Akterstamnen og Kompasset.John Scalzi (2008) Rough Guide to the Universe, s. 2,0 (ISBN 9781405383707).David H. Kelley, et al. (2011) Exploring Ancient Skies: A Survey of Ancient and Cultural Astronomi , s. 12 (9781441976246).Emily Winterburn (2009) The Stargazer's Guide, s. 1,4 (ISBN 9780061976377). Med ein tilsynelatande storleik på 1,8, er den mest lyssterke stjerna den varme blå, multiple stjerna Gamma Velorum, der den eine komponenten er den mest lyssterke Wolf-Rayet-stjerna på himmelen. Delta og Kappa Velorum, i lag med Epsilon og Iota Carinae, dannar ein asterisme kjend som Den falske krossen. Delta har storleiksklasse 1,95 og er i røynda eit trippelt eller kvadruppelt stjernesystem.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vela (constellation)» frå , den 9. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Ian Ridpath and Wil Tirion (2007). Stars and Planets Guide, Collins, London. ISBN 978-0-00-725120-9. Princeton University Press, Princeton. ISBN 978-0-691-13556-4. Richard Hinckley Allen, Star Names, Their Lore and Legend, New York, Dover, various dates.

Bakgrunnsstoff

Star Tales – Seglet Seglet på Constellation Guide

Kategori:Stjernebilete Kategori:Sørlege stjernebilete