Bud er ein tettstad og eit fiskevær i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal fylke. Tettstaden har . Bud var tidlegare òg ein kommune.
Bud kommune Bud kommune vart oppretta som Bud formannskapsdistrikt i 1837.
1. januar 1878 vart ein del av Bud med 15 innbyggjarar overført til Kvernes. Det er noko uklårt om dette gjeld Kvernes sokn og/eller Kvernes kommune. 1. januar 1891 vart garden Bollien i Bud med 15 innbyggjarar overført til Kvernes kommune. 1. juli 1918 vart Hustad utskild som eigen kommune. Bud hadde 1 397 innbyggjarar etter frådelinga.Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
1. januar 1964 vart Bud, Fræna og Hustad kommunar samanslegne til den nye Fræna kommune. Bud hadde 1 610 innbyggjarar ved samanslåinga.
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for tidlegare Bud kommune frå 1918 til 1964: 1.7.1918 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Bud 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1964 1397 1396 1475 1521 1557 1623 1610
Sjå òg Tettstader i Møre og Romsdal
Kjelder
SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Møre og Romsdal» «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
Kategori:Busetnader i Hustadvika Kategori:Fiskevær i Møre og Romsdal kategori:Tettstader i Møre og Romsdal Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964