Cape Morse er eit lågt, isdekt nes på austsida av innløpet til Porpoise Bay og dannar skiljet mellom Banzare Coast og Clarie Coast i Wilkes Land. Det vart skissert frå flyfoto tekne under USN Operasjon Highjump (1946–47), og vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter William H. Morse, stuert på briggen «Porpoise» under US Exploring Expedition (1838–42) under Charles Wilkes.

Kring 5 km sørvest for Cape Morse ligg Morsebreen (), ein kanalbre som renn langs austsida av Porpoise Bay. Denne vart òg kartlagd frå flyfoto tekne av Operasjon Highjump.

Kjelder

Kategori:Nes i Wilkes Land