Tidsskrift for Den norske legeforening, ofte berre kalla «Tidsskriftet», er eit fagblad som vert gjeve ut av Den norske legeforening. Det kjem ut 15 gonger i året og vert sendt til alle medlemmar av foreininga, i tillegg til nokre bibliotek, sjukehus og institusjonar. Alt innhaldet vert også gjeve ut på nettstaden tidsskriftet.no, der det er fritt tilgjengeleg.

Tidsskriftet er utgjeve av ein uavhengig redaksjon som er underlagt Legeforeningen. Bladet rommar ei rekkje artiklar om ny medisinsk kunnskap og debatt om utdanninga og arbeidet til lækjarar, i tillegg til omtale av doktorgrader og medisinsk litteratur. Det vert òg bruka som lysingsblad for ledige legestillingar.

Opplaget i 2024 var på rundt 32 260.

Redaktørar Ole Kristian Harlem (1962–1987) Magne Nylenna (1987–2001) Charlotte Haug (2002–2015)journalisten.no Legeforeningen: Munnkurv om redaktøravgang 12.02.2015 Are Brean (2015–)

Kjelder

Bakgrunnsstoff Tidsskrift for Den norske legeforening - nettside

Kategori:Medisinske tidsskrift Kategori:Norske tidsskrift Kategori:Skipingar i 1881 Kategori:Norskspråklege tidsskrift Kategori:Engelskspråklege tidsskrift