Skåre er ein bydel i Haugesund, og var tidlegare eit eige herad i Rogaland, skipa i 1881. 1. januar 1958 vart heradet innlemma i Haugesund bykommune.

Historie miniatyr|venstre|Ein grensestein på den tidlegare grensa mellom Haugesund og Skåre. Skåre var del av Torvastad formannskapsdistrikt frå 1837. Han blei skild ut som eigen kommune 1. november 1881. Ved skipinga hadde Skåre 1 665 innbyggjarar.

1. januar 1911 blei ein del av Skåre med 3 847 innbyggjarar overført til Haugesund kommune. 1. januar 1958 blei resten av Skåre kommune med eit folketal på 6 772 slått saman med Haugesund kommune. På dette tidspunktet hadde Skåre ei geografisk utstrekning på 68 km². Før samanslåinga omkransa Skåre kommune store deler av Haugesund. Store delar av øyene utanfor Haugesund tilhøyrde Skåre kommune, mellom anna øya Røvær.

Skåre kyrkje mini|Skåre kyrkje

Skåre var del av Torvastad og Skåre prestegjeld, som hadde felles kyrkje med kyrkjelyden i Haugesund. Midt på 1800-talet blei det avgjort å riva den eksisterande trekyrkja frå 1626, fordi ho var blitt for liten. I 1858 stod nye Skåre kyrkje ferdig på same stad.

Haraldhaugen riksmonument Om lag tre kilometer utanfor Haugesund sentrum ligg Haraldshaugen, eit riksmonument som blei reist i 1872 for å markera at det var tusen år siden Noreg blei samla til eitt rike etter slaget i Hafrsfjord i 872. Monumentet blei teikna av arkitekten Christian Christie. Det er ein stor gravhaug omgitt av ein mur i granitt med 29 bautasteinar som representerer dei 29 gamle norske fylka. På toppen av haugen står ein 17 meter høg obelisk hoggen i granitt. Ved foten av obelisken er monumentet smykka av fire bronserelieff som skildrar viktige scenar frå live til Harald Hårfagre.

Historisk folketal +Folketal i Skåre 1855-1950ÅrFolketalhttps://www.ssb.no/a/folketellinger/kommunehefter/1960/kh_1960_1106.pdf Henta 3. feb. 202018551 44116651 686 18751 66518902 04219002 72219105 62519203 67119303 570 19464 37119505 071Tala frå 1855 til 1875 er soknetal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Skåre» frå , den 3. september 2026.

Kategori:Haugesund kommune Kategori:Historie i Haugesund Kategori:Tidlegare kommunar i Rogaland Kategori:Norske kommunar skipa i 1881 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1958