Washington Strait er eit sund mellom Fredriksen og Powell Island i vest og Laurie Island og fleire mindre øyar i aust i Sør-Orknøyane. Det vart oppdaga i desember 1821 under ein felles seglas av kaptein George Powell, ein britisk selfangar på sluppen «Dove», og kaptein Nathaniel Palmer, ein amerikansk selfangar i sluppen «James Monroe». Sundet vart kalla opp etter George Washington, den første presidenten i USA.
Kjelder
Kategori:Sund i Sør-Orknøyane Kategori:George Washington