Ellsworth Mountains er den høgaste fjellkjeda i Antarktis, og dannar ei 360 km lang og 48 km brei rekkje av fjell frå nord til sør på vestsida av Ronne isbrem. Dei vert kryssa av Minnesotabreen som skil Sentinel Range i nord frå Heritage Range i sør. Førstnemnde er langt høgare og meir spektakulær med Vinson Massif på 4892 moh som det høgaste punktet på kontinentet.

Historie Fjella vart oppdaga den 23. november 1935 av Lincoln Ellsworth under ein flytur over Antarktis frå Dundee Island til Rossisen. Han gav fjellkjeda det skildrande namnet Sentinel Range. Sentinel tyder «kjennemerke» eller «kjenneteikn» på engelsk.

Fjella vart kartlagde i detalj av USGS frå landmålingar og flyfotografi frå U.S. Navy, 1958-66. Då det vart klårt av fjella bestod av to fråskilde rekkjer, gav US-ACAN berre den høgare, nordlege delen av fjellkjeda namnet Sentinel Range og den sørlege delen namnet Heritage Range. I tillegg kalla komiteen heile fjellkjeda opp etter oppdagaren.

Klima Temperaturane i Ellsworth Mountains er i snitt kring -30 °C. Dei beste månadane for ekspedisjonar her er frå november til januar, då det er midtsommar på den sørlege halvkula. Ekspedisjonar hit er likevel vanskeleg og krav anten offentleg vitskapleg støtte eller store økonomiske ressursar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ellsworth Mountains» frå , den 11. januar 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR) Composite Gazetteer of Antarctica

* Kategori:Vest-Antarktis Kategori:Fjellkjeder i Ellsworth Land Kategori:Filchner-Ronne isbrem