Deutsches Album er det andre tyskspråklege albumet til den britiske musikaren Peter Gabriel. Det er ei tysk utgåve av det fjerde albumet til Gabriel, Peter Gabriel (1982; Security i Nord-Amerika). Deutsches Album vart gjeve ut samstundes med den internasjonale utgåva i Tyskland. I tillegg til teksten er lydmiksen merkbar forskjellig frå den internasjonale utgåva.
Songane er sett opp i anna rekkefølgje på albumet og somme er miksa vesentleg forskjellig frå dei engelske versjonane. Sjølv korvokalen vart gjort på nytt på tysk. På det førre tyskspråklege albumet til Gabriel, Ein deutsches album (1980), hadde han meir eller mindre berre sunge den tyske teksten over den engelske versjonen av Peter Gabriel (1980).
Rekkefølgje på songane på Deutsches Album er noko annleis den engelske versjonen, der «San Jacinto» har byta plass med «The Family and the Fishing Net» (her «Das Fischernetz»). Nokre songar er lengre eller kortare enn dei engelske versjonane.
Innhald
Medverkande Peter Gabriel – vokal, synthesizerar, surdu på 1 & 8, trommer på 4 Jerry Marotta – trommer, perkusjon på 6, surdu på 1 Tony Levin – bass på 1 & 6-8, Chapman stick på 2-5, bandlaus bass på 6 Larry Fast – Synthesizerar på 1-5, 7 & 8, elektronisk perkusjon på 8 David Rhodes – Gitar på 2-8, korvokal på 1, 2-3, 6 & 8 John Ellis – korvokal på 1, 3 & 8, gitar på 2 & 4 Roberto Laneri – Handsama saksofon på 2 Morris Pert – Pauker på 6, perkusjon på 8 Stephen Paine – Fairlight CMI på 2 David Lord – Synthesizer på 6 og 7, piano på 7 og 8 Peter Hammill – korvokal på 2, 5-6 Jill Gabriel – korvokal på 4 Ekome Dance Company – Ghanesiske trommer på 1
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Deutsches album» frå , den 14. januar 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Peter Gabriel-album Kategori:Album produserte av Peter Gabriel Kategori:Charisma Records-album