mini|Eit fuglefjell på Orknøyane. Fuglefjell er klipper med bratte fjellveggar som blir brukt til hekking av mange sjøfuglar. Fjellsider ved kysten kan vere erodert, slik at den øvste delen ragar lengre ut enn den nedste. For at fuglane skal bruke fjellet til reirbygging må det vere mange fjellhyller som er godt egna til reirplass. Eit fuglefjell vil ofte vere dominert av ein einskild fugleart. I ein koloni av fuglar ligg reira ofte veldig tett. Viss det er mange individ vil mange overleve fordi rovdyr, eksempelvis rovfugl, berre kan gjere eit lite innhogg på bestanden.
Bestandar på fuglefjell kan gå kraftig tilbake dersom næringsgrunnlaget sviktar. Til dømes har Røst hatt ein nedgang på krykkje og lundefugl frå 1970-åra av, hovudsakleg knytt til mangel på fiskeyngel. I 2020 var det ingen krykkjer att på Vedøya i Røst. Plastavfall og nærgåande menneske kan også hindra fuglane frå å gjennomføra hekking.
Bruk Historisk har menneske sanka egg og fuglar frå fuglefjell, fyrst som mat og seinare også til eggsamlarar.
Fuglar som hekkar i fuglefjell i Nordatlanteren Her er ei liste over viktige fugleartar som hekkar i fuglefjell nord i Atlanterhavet: Lundefugl (Fratercula arctica) Havsule (Morus bassanus) Krykkje (Rissa tridactyla) Havhest (Fulmarus glacialis) Lomvi (Uria aalge) Polarlomvi (Uria lomvia) Alke (Alca torda) Alkekonge (Alle alle) Stormsvale (Oceanodroma leucorhoa) Havsvale (Hydrobates pelagicus) Toppskarv (Phalacrocorax aristotelis) Storskarv (Phalacrocorax carbo) Teist (Cepphus grylle)
Fuglefjell i Noreg mini|Øya Runde med brua til Remøya til høgre. Fuglefjellet på øya Runde er det sørlegaste i Noreg, og er det mest artsrike sjøfugl-staden i landet. Runde er ei øy i øygruppa Sørøyane i Herøy kommune på Sunnmøre Bleiksøya er det nordlegaste fuglefjellet i Nordland. Nordkapp er det nordlegaste fuglefjellet i Noreg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fuglefjell» frå , den 14. januar 2013.
Bakgrunnsstoff Fuglefjell. Skildring av habitatet ved artsdatabanken.no.
Kategori:Ornitologi