Bjørn Alexander Brem (), òg kjend som Gothminister, er ein norsk musikar innan sjangrane gothic metal og industriell metal.
Brem voks opp i Oslo, og var interessert i teikneseriar og teikna aktivt heilt frå åtteårsaldaren. Han var inspirert av skrekkfilmar og superheltar der Batman var favoritten. I tenåra gjekk det mest i metall, men òg noko industriell og elektronisk musikk. Han var med i fleire musikkgrupper der dei mest kjende var Conceptor og Disco Judas, ei gruppe som i dag er historie.
Den mest kjende gruppa hans, Gothminister, vart starta i 1999. Gothminister var til grunna Brem si interesse for goth og Gotham Nights, og namnet kjem av at Goth-miljøet trong ein sjef: Minister of Goth. På slutten av Disco Judas-epoken, fekk han ein halsinfeksjon. Han kunne ikkje arbeide eller studere den tida, og frykta at han ikkje ville syngje bra att. I laupet av den tida laga han framleis musikk og Gothminister fekk sin identitet.
Brem er utdanna advokat og driv familiefirmaet Advokatfirma Brem MNA i Oslo. Spesialfeltet hans er artistkontraktar, opphavsrett, varemerke og prosedyre.Advokatfirma Brem MNA
Melodi Grand Prix 2013 Gothminister vart vald ut av Norsk rikskringkasting (NRK) til å delta i Melodi Grand Prix 2013. Kvart bidrag måtte delta i éin av dei tre semifinalane for å kvalifisere seg til finalen. Songen vart vald ut til å delta i den tredje semifinalen 2. februar 2013 i Larvik. 30. januar 2013 vart songen «Utopia» offentleggjort i fjernsynsprogrammet MGP Direkte. Brem skreiv både tekst og melodi til songen.
Semifinale 3 Bidraget vil starte som nummer éin, før Adelén med «Bombo».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bjørn Alexander Brem» frå , den februar 2013.
Fotnotar
Kategori:Norske songarar Kategori:Norske advokatar Kategori:Melodi Grand Prix 2013-låtskrivarar Kategori:Melodi Grand Prix 2013-deltakarar