Kvit skogfrue (Cephalanthera longifolia) er ein plante i skogfrueslekta Cephalanthera i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Utsjånad Kvit skogfrue er, saman med den nærskylde raud skogfrue, utan tvil av dei mest elegante blomsterplantane i Noreg. Planten står stor og høg, 20-50 cm, med lange sverdforma blad i to rader nedover stengelen. Arten er kjenneteikna med ein lang klase med kvite, halvopne blomstrar med ein gul flekk på leppa, og syner godt att i terrenget. Kvit skogfrue står gjerne i små grupper. thumb|right|200px|Nærbilde av blomstrar med den gule flekken på underleppa
Utbreiing Arten finst frå det sørvestlege Europa og Skandinavia austover til Himalaya.
Arten er først og fremst knytt til kysten, og der til skog og skogkanter på kalkrik, turr og grusete grunn, og helst finn ein planten i skugge eller halvskugge. Hovudtyngda finst langs kysten frå Tvedestrand til Ørland. I tillegg går arten litt inn i landet på Austlandet, med funn i Hurum, Hjartdal og Tokke. I Kvam er kvit skogfrue kommuneblomst.
Arten er sjeldsynt her til lands, og derfor totalfreda. Han er òg på Norsk raudliste for artar (2021) som nær truga (NT).
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn vit skogslilja), i Danmark (EN, dansk namn sværd-skovlilje) og i Finland (VU, finsk namn miekkavalkku).
Kvit skogfrue (engelsk namn sword-leaved helleborine) veks spreidde stader i England, Wales, Skottland og Irland, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet. I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU). Lokalt er han sterkt truga (EN) i England, sårbar (VU) i Skottland og sterkt truga (EN) i Wales. I Irland er arten verna gjennom forskrifta Flora (Protection) Order, 2015, og på den irske raudlista har han status som sårbar (VU).
I Estland (estisk namn valge tolmpea) veks kvit skogfrue først og fremst på Saaremaa og andre øyar og er rekna som sårbar (VU). I Latvia (latvisk namn garlapu cefalantēra) har arten vore rekna som regionalt utdøydd (kategori 0 – iznīkušas),, men er etter 2006 registrert tre gonger. I Litauen (litauisk namn kardalapis garbenis) finst arten berre heilt aust i landet og er rekna som sterkt truga (EN).
I Benelux er arten (nederlandsk namn wit bosvogeltje, fransk namn céphalanthère à feuilles étroites) svært sjeldan med nokre få spreidde veksestader. Han er òg svært sjeldan og i tilbakegang både i Flandern og i Vallonia. I den nederlandske raudlista er arten rekna som sårbar (VU, kwetsbaar), I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og kritisk truga (CR, en danger critique) i Vallonia. I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).
I Tyskland er arten (tysk namn Langblättriges Waldvöglein) rekna som nær truga (NT, Vorwarnliste). I Polen er arten (polsk namn buławnik mieczolistny) rekna som sårbar (VU, narażony).
Hybridar Kvit skogfrue kan danne hybridar med stor skogfrue (Cephalanthera damasonium × longifolia eller Cephalanthera ×schulzei). I Sverige er hybriden registrert på Gotland, og på Dei britiske øyane i Hampshire og West Sussex.
I Sverige er det òg registrert ein hybrid med raud skogfrue (Cephalanthera damasonium × rubra eller Cephalanthera ×otto-hechtii) med svensk namn hybridskogslilja, berre observert på Gotland.
Referansar
Kjelder Denne artikkelen bygger delvis på «Vit skogslilja» frå , den 4. februar 2013. Denne artikkelen bygger delvis på «Hvit skogfrue» frå , den 4. februar 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Finland Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Latvia Kategori:Orkidear i Litauen Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Skogfrueslekta