Dette er eit oversyn over nynorsk programvare, eller programvare omsett til nynorsk.

Nynorsk programvare for Microsoft Windows

Grafiske grensesnitt Brukarar av Microsoft Windows XP, Windows Vista, Windows 7, 8 og 10 kan installere nynorsk språkgrensesnitt. Frå og med Windows 8 kan brukarar endre systemspråket til nynorsk frå Kontrollpanelet; tidlegare utgåver av Windows krever at brukaren lastar ned ein installasjonsfil frå Microsoft sine nettsider

Microsoft har også gjeve ut nynorsk språkgrensesnittpakkar for Microsoft Office. Desse må i regelen lastast ned og installerast av brukaren manuelt. Microsoft Office kjem med med nynorsk stavekontroll som ein ikkje treng installere manuelt.

Nettlesarar

Internet Explorer Vivaldi - basert på Chrome Mozilla Firefox Microsoft Edge (for nynorsk Windows 10)

E-post-klientar

Mozilla Thunderbird

Andre kommunikasjonsprogram

Skype er eit telefoni-, SMS- og direktemeldingsprogram.

Kontorpakkar

Libreoffice Microsoft Office 2003, 2007, 2010, 2013 og 2016 har språkgrensesnittpakkar på nynorsk som inkluderer grensesnitt, ordliste, stavekontroll, orddelings- og korrekturverktøy. OpenOffice.org

Utviklarverktøy

Notepad++ er ein teksteditor, meint som eit kraftigare alternativ til Windows Notepad.

Nynorsk programvare for Apple macOS

Grafiske grensesnitt Brukargrensesnittet til macOS finst berre på bokmål.

Dei grafiske grensesnitta som er omhandla i GNU/Linux-delen kan i prinsippet køyrast på macOS, men dette krev kompetanse innanfor datateknologi og er ikkje tilrådeleg for kvardagsbrukarar.

Nettlesarar Mozilla Firefox Vivaldi- basert på Chrome

E-post-klientar Mozilla Thunderbird

Kontorpakkar

OpenOffice.org—database, presentasjon, teksthandsaming med meir utvikla som open kjeldekode med stønad frå det amerikanske firmaet Sun Microsystems NeoOffice—baserer seg på OpenOffice.org, men har til mål å vera betre integrert med brukargrensesnittet Aqua, som er det vanlegaste på Apple Macintosh-datamaskinar AbiWord -- teksthandsamar. Open kjeldekode LyX (teksthandsamar for LaTeX). Open kjeldekode

Nynorsk programvare for GNU/Linux-operativsystem

Fleire typar GNU/Linux Debian GNU/Linux er ein GNU/Linux-distribusjon som fokuserer på å vera for det meste fri programvare, og er populær mellom meir avanserte GNU/Linux-brukarar. Fedora GNU/Linux er ein annan populær GNU/Linux-variant som stammar frå den tidlegare distribusjonen Red Hat Linux (som vidareutviklast som tenardistribusjon og distribusjon for profesjonelle arbeidsstasjonar). Skulelinux er den mest kjende norske GNU/Linux-distribusjonen. Den har vorte kjend gjennom at mange skular i Noreg ønskte å byte frå Windows til Skulelinux for å spare pengar og tilby elevane med nynorsk som hovudmål digitale læremiddel på eige språk.

Grafiske grensesnitt KDE GNOME er eit grafisk skrivebordsmiljø som i hovudsak vert utvikla av miljøet kring Free Software Foundation og GNU XFCE er eit fritt skrivebordsmiljø som har til mål å vera mindre ressurskrevjande enn dei to som er nemnde ovanfor

Nettlesarar

Mozilla Firefox Vivaldi - basert på Chrome

E-post-klientar

Mozilla Thunderbird KMail—ein del av KDE-skrivebordsmiljøet

Kontorpakker

OpenOffice.org LibreOffice open kjeldekode, kompatibel med OpenOffice og har i stort mon erstatta denne StarOffice—den proprietære utgåva av programvarepakka Openoffice. Har fleire funksjonar og betre støtte for aust-asiatiske språk. GNOME Office kontorpakke som består av skriveprogrammet AbiWord, reknearket Gnumeric samt databaseverktøyet GNOME-DB. Programma er lausare integrert med kvarandre enn andre pakker. Mange ser difor på dei som sjølvstendige program. KOffice—kontorpakke, med KWord (teksthandsamingsverktøy), KSpread (rekneark), KPresenter (presentasjonsverkøy), Kexi (database), Kivio (teikneverktøy for flytdiagram), Karbon14 (teikneverktøy for vektorgrafikk), Krita (biletehandsamingsverktøy), KPlato (prosjektplanleggingsverktøy), KChart (grafikkverktøy), Formula (matematikkeditor) og Kugar (rapportgenerator). LyX (teksthandsamar for LaTeX).

Nynorsk programvare for proprietære UNIX-operativsystem eller frie BSD-variantar Dei fleste av programma som er nemnde for GNU/Linux kan òg køyrast på desse systema. Dette gjeld særleg Sun Solaris og dei frie BSD-variantane FreeBSD, NetBSD og OpenBSD.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Nynorsk.no si liste over nynorsk programvare Språkrådet si liste over nynorsk programvare Programvare.info - oversyn over ein del tilgjengeleg programvare, tenester og nettsider på norsk Nynorsk språkpakke for Windows Vista Nynorsk språkpakke for Windows XP Nynorsk språkpakke for Microsoft Office 2007 Nynorsk språkpakke for Microsoft Office 2003 Nynorsk språkpakke for Internet Explorer 7 for XP Heimesidene til Debian-prosjektet Heimesidene til Skolelinux-prosjektet Heimesidene til Fedora-prosjektet Heimesidene til Ubuntu-prosjektet Heimesidene til Firefox og andre Mozilla-produkt Heimesidene til skrivebordsprosjektet GNOME Heimesidene til skrivebordsprosjektet KDE Heimesidene til skrivebordsprosjektet XFCE Heimesidene til nettlesaren Opera Last ned nynorsk språkfil for Skype Last ned nynorsk språkfil for Notepad++ Heimesidene til programvarepakka OpenOffice.org Heimesidene til teksthandsamingsprogrammet AbiWord Heimesidene til teksthandsamingsprogrammet LyX Heimesidene til KOffice-prosjektet Heimesidene til FreeBSD-prosjektet Heimesidene til NetBSD-prosjektet Heimesidene til OpenBSD-prosjektet

Kategori:Nynorsk programvare Kategori:GNU/Linux Kategori:Unix Kategori:Apple Macintosh Kategori:Mac OS X Kategori:Microsoft Windows Kategori:Fri programvare