Sigrun Krokvik, eigentleg namn Sigrun Karin Christiansen, () er ein norsk forfattar. Den første romanen ho skreiv, den psykologiske thrilleren Bortreist på ubestemt tid, vekte stor merksemd tidleg på 1970-talet. Boka vart halden fram som ei oppattnying av den norske kriminallitteraturen. Boka vart filmatisert av Pål Bang-Hansen i 1974, og også filmen er rekna som eit sentralt verk blant norske kriminalfilmar. Krokvik har berre gjeve ut to romanar.

Utgjevingar Bortreist på ubestemt tid – kriminalroman (1972) Kikkeren – kriminalroman (1973)

Prisar Rivertonprisen 1972, for Bortreist på ubestemt tid

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Vinnarar av Rivertonprisen