mini|Landskap i Cuesta del Obispo i Provincia de Salta i Argentina mini|Feios ved Sognefjorden, fotografert frå Leikanger i 2009. mini|Brudeferden i Hardanger, landskapsmåleri av Adolph Tidemand & Hans Gude, 1848. Landskap er eit avgrensa geografisk område. Ein kan bruka omgrepet i to hovudtydingar, ei naturgeografisk og ei kulturgeografisk/kulturhistorisk. Ofte kan eit landskap vera knytt til ein viss naturtype, geografisk form, planteliv og liknande.
Eit landskap treng ikkje nødvendigvis å falla saman med moderne administrative grenser eller landegrenser, og dei nøyaktige grensene for eit landskap kan vera omtrentlege.
Ordet «landskap» kjem truleg frå lågtysk lantschop, jamfør norrønt landskapr, 'tilhøve i eit land, landsdel') Ordet hadde ei anna tyding i gammalnorsk der landskapr vart nytta synonymt med våre ord landsdel og region. Denne tydinga har ein framleis i svensk. Ein kan nytta ordet i samanhengar som kulturlandskap, fjordlandskap , bylandskap eller månelandskap. Det kan bli nytta om innreiinga av større rom innomhus som i kontorlandskap og skulelandskap. Landskap kan òg bli nytta i overført tyding som i «politisk landskap».
I naturgeografisk forstand omfattar eit landskap synlege trekk i eit landområde, i første rekke sjølve landformene, som fjell, bakkar og skråningar, sletter og vassvegar som elver, innsjøar og hav. I landskapet inngår også levande element som vegetasjonsdekket og menneskeskapte element: Arealbruk, bygningar og andre menneskeskapte strukturar. «landscape», New Oxford American Dictionary Vekslande element som lys og vêrforhold er viktige i eit kvart landskap. Eit måleri med eit omfattande utsyn av eit stykke natur, som fjell, fjord, tre og lignende, blir kalla eit landskapsmåleri.
I kulturgeografisk forstand er eit landskap eit geografisk område, ofte ein landsdel eller provins, som dannar ein einskap geografisk, historisk og/eller kulturelt gjennom naturlege grenser, fellestrekk og kulturell identitet, og eventuelt også gjennom eldre administrative inndelingar.«Landskap» i Det norske akademis ordbok
Sjå òg
Landskapsmåleri Landskap i Sverige Landskap i Finland Historiske landskap i Finland
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Landskap» frå , den 6. februar 2021.
kategori:geografi