Sir Robert Alexander Watson-Watt () var ein skotsk fysikar som mellom anna arbeidde med instrument for radioposisjonsavgjersle, og utvikla det første praktisk brukbare radarsystemet. Han vert såleis rekna som oppfinnaren av radaren.

Utviklinga av radaren, som først ikkje hadde noko namn, starta andre stader, men det vart gjort store framskritt i september 1936 då Watson-Watt vart inspektør ved British Air Ministry ved Bawdsey Research Station i Bawdsey Manor, nær Felixstowe i Suffolk.

I 1942 blei Watson-Watt adla. I 1958 gav han ut boka Three Steps to Victory.

Robert Watson-Watt døydde i 1973 i Inverness i Skottland, 81 år gammal.

Sjå òg radar radioekko

Kjelder

Kategori:Skotske fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Royal Aeronautical Society Kategori:Skotske ingeniørar Kategori:Skotske oppfinnarar Kategori:Elektroingeniørar Kategori:Radarpionerar Kategori:Folk frå Brechin