thumb|Eit vanleg sfærometer. Eit sfærometer er eit instrument til måling av krumminga på linser og holspeglar. Instrumentet består av ein vertikalt stilt mikrometerskrue, som sit i ein muttar med tre bein. Ved å setje sfærometeret på ei krum flate og stille skruen slik at han rører flata, finn ein høgda i kulekalotten og derav krumminga. Instrumentet blir òg nytta for å måle små ujamne skraper på ei flate.

Kjelder sfærometer. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/sf%C3%A6rometer

Kategori:Dimensjonsinstrument Kategori:Optiske instrument