Joseph Priestley () var ein engelsk kjemikar og prest. Han vart kjend som oppdagaren av oksygen og oppfinnaren av vatn med kolsyre.

Vitskapsmann Joseph Priestley isolerte grunnstoffet oksygen i gassform den 1. august 1774. Året etter blei han den første til å publisera oppdaginga, og blei dermed kjend som oppdagaren av stoffet. Den svenske kjemikaren Carl Wilhelm Scheele hadde gjord den same oppdaginga nokre år tidlegare, men publiserte ikkje provet før i 1777. Til saman oppdaga Priestley ti gassar: nitrogenoksid, nitrogendioksid, dinitrogenoksid («lystgass»), hydrogenklorid, ammoniakk, svoveldioksid, silisiumtetrafluorid, nitrogen og oksygen, i tillegg til å empirisk og tvillaust prova karbonmonoksid.

Prisar og utmerkingar 1772 – Copleymedaljen

Kjelder

Kategori:Folk frå West Yorkshire Kategori:Engelske kjemikarar Kategori:Engelske prestar