Eland Mountains er ei fjellkjede på austkysten av Palmer Land med høgder opp over 2440 moh. Ho strekkjer seg kring 20 nautiske mil frå nordaust til sørvest langs sørsida av Cliffordbreen. Fjella vart oppdaga i 1936 av British Graham Land Expedition og dei vart fotograferte frå lufta av U.S. Antarctic Service i september 1940. I 1947 vart dei fotograferte frå lufta av medlemmar av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, medan Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), kartla dei frå bakken. Namnet Eland, fødenamnet til Lady Clifford, vart gjeve i 1952 av sir Miles Clifford, guvernør på Falklandsøyane, etter forslag frå medlemmar frå FIDS.
Kjelder
Kategori:Fjellkjeder i Palmer Land