Orvinfjella er ei stor fjellkjede i Dronning Maud Land. Ho strekkjer seg om lag 105 km mellom Wohlthatmassivet og Mühlig-Hofmannfjella. Det massive Sandeggtind i Conradfjella er det høgaste fjellet i fjellkjeda med ei høgd på 3055 moh.

Kjeda vart først fotografert frå lufta og grovt kartlagd av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938-1939), leia av kaptein Alfred Ritscher. Det vart kartlagt av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto under Den sjette norske antarktisekspedisjonen (1956-60) og kalla opp etter Anders K. Orvin, direktør i Norsk Polarinstitutt frå 1958 til 1959.

Fjellkjeder Av mindre fjellkjeder i Orvinfjella, finn ein frå aust til vest: Conradfjella Dallmannfjellet Drygalskifjella Filchnerfjella Holtedahlfjella Kurzefjella Sjtsjerbakovkjeda

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Orvin Mountains» frå , den 26. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff US Geological Survey, Geographic Names Information System (GNIS)

Kategori:Fjellkjeder i Dronning Maud Land Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn