P1-regjeringa er ei «folkeregjering» skipa sommaren 2005 for å utforme dei store linjene i norsk politikk for dei neste 100 åra. Regjeringa vart vald gjennom ei avstemming blant lyttarane i radiokanalen NRK P1. Ho er sett saman av 19 medlemer, eit frå kvart fylke. Målsettinga med samskipinga var formulert av NRK. Eit av punkta var at radio og Internett måtte bli ein møteplass for å samtale om kva vanlege folk er opptekne av.

Den 18. juni 2005 vart regjeringsmanifestet for Noreg dei neste 100 åra ferdig utforma på Sem Gjestegård i Asker. Dette klarte P1-regjeringa å få til på 48 timar. I samband med arbeidet som dei raud-grøne samarbeidspartia gjorde for å komme fram til Soria Moria-erklæringa hausten 2005, inviterte forhandlingsleiarane for samarbeidspartia P1-regjeringa til å komme med rettleiing i effektivt samarbeid den 29. september 2005. Mange av dei etablerte politikarane har stilt seg positiv til skipinga av folkeregjeringa.

Liste av medlemer Ingen av medlemene har vore engasjert i partipolitisk arbeid, noko som var eit vilkår for å verte nominert til regjeringa. Odd Oskarsen, Hammerfest Bjørn Ole Lundberg, Bardufoss Lillian Solrun Selvik, Steigen Irene Rosenblom, Sparbu Atle Vårvik, Trondheim Terri Senior, Ålesund Bente Øien Hauge, Lærdal Morten Holmefjord, Fusa Anne Raaum Christensen, Eigersund Alf Willy Vestergren, Mandal Sigurd Haugsgjerd, Setesdal Bergit Svendseid, Drangedal Wenche Yamamoto, Drammen Per Asbjørn Andvik, Re Jon Granrud, Moss Espen Stegger Ledaal, Oslo Jostein Sandvik, Drøbak Hans Christian Medlien, Næroset Kjærsti Gangsø, Vågå

Kjelder Regjeringsmanifestet (pdf)

Kategori:NRK Kategori:Skipingar i 2005