Hudson Mountains er ei gruppe vulkanske nunatakar i det antarktiske isdekket Vest i Ellsworth Land. Dei ligg like aust for Cranton Bay og Pine Island Bay ved austenden av Amundsenhavet og grensar i nord til Cosgrove isbrem og i sør til Pine Island-breen.
Fjella vart oppdaga av medlemmar av på flyturar frå USS «Bear» i februar 1940, og ytterlegare skissert frå flyfoto tekne under USN Operasjon Highjump i desember 1946. Heile gruppa vart kartlagd av USGS frå US Navy-flyfoto i 1966. Dei vart namngjevne av US-SCAN etter kaptein William L. Hudson, kaptein på «Peacock» under av US Exploring Expedition, 1838-42. «Peacock» og «Flying Fish» under løytnant Walker, segla langs kanten av pakkisen nord for området i fleire dagar mot slutten av mars 1839.
Fjella er lite eroderte og det vart observert damp frå fjella i 1974, og ikkje-stadfesta rapportar om eit utbrot oppdaga av satellittar i 1985. Fjella kan derfor vere aktive vulkanar.
Sjå òg Vulkanar i Antarktis
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hudson Mountains» frå , den 28. februar 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Stratovulkanar Kategori:Vulkanar i Antarktis Kategori:Fjellkjeder i Antarktis Kategori:Aktive vulkanar Kategori:Geografi i Ellsworth Land Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter USA-amerikanarar