Signe Seim (1929–2023) var ein norsk forfattar og lærar frå Voss.

Ho debuterte i 1960 med diktsamlinga Trø varleg min fot på Fonna forlag, og har sidan skrive fleire diktsamlingar, ein roman, skodespel og to barnebøker. Ho har også skrive emnehefte om Ivar Aasen og Per Sivle og omsett bøker til norsk. I Norsk salmebok 2013 er ho representert med ei omsetjing.

For romanen Her budde ein gong eit barn fekk ho Sunnmørsprisen og Oslo Domkirkes bokpris i 1986.

Seim budde i Leveld i Hallingdal frå 1954 til 1970 og arbeidde som lærar på Leveld skule. Leveld Kunstnartun gav i 2012 ut ei samling dikt frå Leveld-tida hennar. Boka er kalla Det måtte vera her.

Bøker 1960 – Trø varleg min fot – Diktsamling 1965 – I stillaste timen – Diktsamling 1972 – Etter lang vandring – Diktsamling 1974 – Emnehefte om Per Sivle – Sakprosa 1975 – Tre skodespel : «Skogen», «Med ljos» og «Vårliv» – Dramatikk for born 1978 – Emnehefte om Ivar Aasen – Sakprosa 1979 – Sju frostnetter – Diktsamling 1982 – Det kvite landet – Diktsamling 1986 – Her budde ein gong eit barn – Diktsamling 1990 – Det finst eit fjell – Diktsamling 1993 – Ekornfolket frå Hundreårsskogen – Barnebok 1997 – Åleine med orda – Dikt i samling 1999 – Rypefolket i Snøfonndalen – Barnebok 2009 – Rop hausten heim – Diktsamling 2012 – Det måtte vera her – Dikt i utval, med CD

Omsetjingar 1977 – Maria Gripe: Glasblåsarborna 1978 – Clyde Robert Bulla: Guten og fuglen 1979 – Otfried Preussler: Det vesle spøkjelset

Referansar

Bakgrunnsstoff Bøker av Signe Seim digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket Om Signe Seim på nettstaden til Bergen Offentlige Bibliotek Presentasjon av Signe Seim på nettstaden til Samlaget Utgjevingar av Signe Seim i BIBSYS Ask

Kategori:Folk frå Voss Kategori:Folk frå Ål Kategori:Forfattarar frå Hordaland Kategori:Forfattarar frå Buskerud Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1960 Kategori:Nynorskforfattarar