Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane er eit britisk oversjøisk territorium sør i Atlanterhavet. Det er ei avsidesliggande og vêrhard øygruppe som består av Sør-Georgia og ei rekkje av mindre øyar kalla Sør-Sandwichøyane. Sør-Georgia er 167,4 km lang og 1,4 til 37 km breiGoogle Earth og den klårt største øya i territoriet. Sør-Sandwichøyane ligg om lag 520 km søraust for Sør-Georgia. I alt dekkjer øyane 3 903 km².CIA - The World Factbook 2002 - Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane

Det er ingen innfødde folk på øyane, men i dag bur britiske embetsfolk, postmeister, forskarar og andre frå British Antarctic Survey på øya. Dei driv forskingsstasjonar på Bird Island og hovudstaden King Edward Point, i tillegg til museumstilsette i nærliggande Grytviken. Grytviken var frå tidleg på 1900-talet base for norske kvalfangarar. Etter at kvalfangsten tok slutt, har det vore få fastbuande på øyane. Om vinteren er det berre litt over ti menneske her.

Storbritannia gjorde krav på Sør-Georgia i 1775 og Sør-Sandwichøyane i 1908. I 1908 annekterte Storbritannia både Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Territoriet «Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane» vart danna i 1985 etter å tidlegare ha vore ein del av Falkland Islands Dependencies. Argentina gjorde krav på Sør-Georgia i 1927 og på Sør-Sandwichøyane i 1938.

Argentina hadde ein marinestasjon, Corbeta Uruguay, på Thule Island i Sør-Sandwichøyane frå 1976 til 1982 då han vart stengd av den britiske marinen (Royal Navy). Det argentinske kravet på Sør-Georgia medverka til Falklandskrigen i 1982, då argentinske styrkar ei kort stund okkuperte øya. Argentina har oppretthalde kravet sitt på Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane.

Historie

Sør-Georgia mini|Kart av James Cook (1777, sør er opp)

Sør-Georgia skal først ha vorte oppdaga i 1675 av Anthony de la Roché, ein kjøpmann frå London, og vart namngjeven Roche Island på fleire tidlege kart. Ho vart observert av det spansk handelsskipet «León» som sigla ut frå Saint-Malo den 28. eller 29. juni 1756. Ho har stundom vore forveksla med Pepys Island, oppdaga av Dampier og Cowley i 1683, men dette viste seg å vere ei fantomøy.

Kaptein James Cook sigla rundt heile øya i 1775 og gjekk som fyrste mann i land på øya. Han gjorde krav på området for Storbritannia og kalla ho «the Isle of Georgia» til ære for kong Georg III. Britane oppretta offisielt styre over Sør-Georgia i 1843.

I 1882–1883 var den tyske ekspedisjonen for det fyrste internasjonale polaråret stasjonert ved Royal Bay ved søraustsida av øya. Forskarar frå denne gruppa observerte Venuspassasjen og registrerte bylgjene som vart skapte av vulkanutbrotet på Krakatoa i 1883.

Gjennom 1800-talet var Sør-Georgia base for selfangst og frå byrjinga av 1900-talet for kvalfangst, fram til kvalfangsten tok slutt i 1960-åra. Norske Carl Anton Larsen oppretta ein landbasert kvalstasjon og den fyrste permanente busetjinga i Grytviken i 1904. Stasjonen var i drift gjennom hans argentinske fiskeselskap, som slo seg ned i Grytviken.La Infanteria de Marina ein el conflicto del Atlántico Sur, Jorge Alberto Erecaborde. Det opphavlege sitatet på spansk er: La Compañia Argentina de Pesca SA, al amparo de las leyes argentinas y bajo su bandera, se instala ein Grytviken". Stasjonen var i drift til 1965.

Kvalstasjonane operererte under leigeavtalar av den britiske guvernøren på Falklandsøyane. Sju stasjonar, alle på nordkysten, der dei trygge hamnene ligg. Frå vest er desse:

Prince Olav Harbour (frå 1911–1916 kvalkokeri og liten landbasert stasjon 1917–1931) Leith Harbour (1909–1965) Strømnes (frå 1907 kvalkokeri, landbasert stasjon 1913–1931, reparasjonsverft til 1960/1961) Husvik (frå 1907 kvalkokeri, landbasert stasjon 1910–1960, ikkje i drift i 1930–1945) Grytviken (1904–1964) Godthul (1908–1929, berre ein uutvikla landbase, hovudoperasjonar på kvalkokeriet) Ocean Harbour (1909–1920)

Kvalkokeria var ubehagelege og farlege stader å arbeide. Kokinga lukta vondt og ein ròtnande kval kunne verte fylt med gass heilt til han sprakk og kunne sprøyte ut eit foster på storleik med eit motorkjøretøy med stor nok kraft til å ta livet av folk.»«On the Minds av Whales" by Tim Flannery, NYRB, 9 februar 2012

Då kvalindustrien tok slutt vart stasjonane fråflytte. Utanom nokre få bevarte bygg, som museet og kyrkja i Grytviken, er det berre ruinar igjen av resten.

mini|venstre|Kyrkja i Grytviken mini|venstre|Bilete av Sør-Georgia teken av Frank Hurley under Endurance-ekspedisjonen

Frå 1905 samarbeidde det argentinske meteorologiske kontoret med å drive eit meteorologisk observatorium i Grytviken under britiske leigeavtalar, fram til desse vart endra i 1949.

I 1908 sende Storbritannia ut ein ny kongeleg resolusjon som oppretta lovmessige ordningar for eigedomane deira i det sørlege Atlanterhavet. Resolusjonen omfatta Sør-Georgia, Sør-Orknøyane, Sør-Shetlandsøyane, Sør-Sandwichøyane og Graham Land. Kravet vart i 1917 utvida til å gjelde ein sektor i Antarktis som gjekk heilt til Sørpolen.

I 1909 vart eit administrativt senter og ein busetnad oppretta ved King Edward Point på Sør-Georgia, nær kvalstasjonen Grytviken. Ein permanent lokal britisk administrasjon og fastbuande komissær utøvde britisk rett og regulerte alle aktivitetar i territoriet, som då vart styrt som Falkland Islands Dependencies.

Kring 1912 vart det som ifylgje somme kjelder var den største kvalen som nokon gong vart fanga, ein blåkval på 33,58 meter, drege i land i Grytviken.Sør-Georgia, Kvalfangstmuseet i Sandefjord i NoregWhaling , Sør-Georgia Heritage Trust

I april 1916 stranda Endurance-ekspedisjonen til Ernest Shackleton på Elefantøya, kring 1300 km sørvest for Sør-Georgia. Shackleton og fem mann sigla i ein open livbåt for å få hjelp, og 10. mai gjekk dei i land i King Haakon Bay på sørkysten av Sør-Georgia. Medan tre vart verande att på kysten, drog Shackleton og to andre, Tom Crean og Frank Worsley, 23 km over land for å få hjelp ved Strømnes kvalstasjon. Dei andre 22 medlemene i ekspedisjonen som vart verande att på Elefantøya, vart så berga. I januar 1922, under seinare ekspedisjonar, døydde Shackleton ombord på skipet sitt, medan det låg ankra opp i King Edward Cove i Sør-Georgia. Han er gravlagd i Grytviken. Oska til ein annan kjend antarktisforskar, Frank Wild, vart spreidd ved sidan av Shackleton i 2011.

Argentina gjorde krav på Sør-Georgia i 1927.R.K. Headland, The Island of South Georgia, Cambridge University Press, 1984. s. 238

mini|Historiske og moderne busetnader på Sør-Georgia. Under andre verdskrigen sette Royal Navy ut eit armert handelsfartøy til å patruljere farvatna kring Sør-Georgia og Antarktis mot tyske raid. Kanonane, som i dag står ved Cumberland Bay og Stømnes Bay, var bemanna av friviljuge norske kvalfangarar. Basen ved King Edward Point vart utvida til ein forskingsstasjon i 1949/1950 for British Antarctic Survey, som fram til 1962 vart kalla Falkland Islands Dependencies Survey.

Falklandskrigen braut ut då ei gruppe argentinarar, som gav seg ut for å vere på jakt etter skrapmetall, den 19. mars 1982 okkuperte den fråflytte kvalstasjonen ved Leith Harbour på Sør-Georgia. Den 3. april gjekk argentinske soldatar til åtak og okkuperte Grytviken. Av kommanderande offiserar i den argentinske garnisonen var Alfredo Astiz, ein kaptein i den argentinske marinen som fleire år seinare vart dømd for straffbare handlingar under den skitne krigen i Argentina.

Øya vart gjenerobra av britiske styrkar den 25. april under operasjon Paraquet. I 1985 vart Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane eit eige territorium og skilt frå Falklandsøyane. Basen i King Edward Point, som vart ein liten militær garnison etter Falklandskrigen, vart sivil att i 2001 og vert i dag driven av British Antarctic Survey.

Sør-Sandwichøyane Kaptein James Cook oppdaga dei sørlege åtte øyane i Sør-Sandwichøyane i 1775, men han trudde dei tre sørlegaste var ei enkel øy. At dei var forskjellige øyar vart ikkje oppdaga før 1820 av Fabian Gottlieb von Bellingshausen.Exploring polar frontiers: a historical encyclopedia, Volume 2, s. 157, William James Mills, 2003 Dei nordlege tre øyane vart oppdaga av Bellingshausen i 1819. Øyane vart kalla «Sandwich Land» av Cook, men han kommenterte òg at dei kunne vere ei øygruppe og ikkje eit enkelt landområde. Øyane vart kalla opp etter den 4. jarlen av Sandwich som var marineminister . Sør» vart seinare lagt til for å skilje dei frå «Sandwich Islands», som i dag er kjend som Hawaii.

Storbritannia annekterte formelt Sør-Sandwichøyane gjennom ein kongeleg resolusjon i 1908 og sette dei i lag med dei andre britiske områda i Falkland Islands Dependencies.

Argentina gjorde krav på Sør-Sandwichøyane i 1938, og utfordra det britiske kravet på øyane. Frå 25. januar 1955 til ut i 1956 hadde Argentina sommarstasjonen Teniente Esquivel ved Ferguson Bay på søraustkysten av Thule Island. Argentina hadde ein marinebase (Corbeta Uruguay) frå 1976 til 1982 på lesida (søraustkysten) av same øya. Britane oppdaga den argentinske basen i 1978 og protesterte og prøvde å løyse saka på diplomatisk vis. Dei vart ikkje fjerna med makt før etter Falklandskrigen. Basen vart fjerna 20. juni 1982.

Den 10. februar 2008 vart øyane råka av eit jordskjelv på 6,5 på Richsterskalaen med episenter 205 km sør-søraust for Bristol Island. Den 30. juni 2008 kl. 06:17:53 UTC, råka eit jordskjelv på 7,0 regionen. Episenteret låg denne gongen 283 km aust-nordaust for Bristol Island.http://neic.usgs.gov (U.S. Geological Survey)

Geografi mini|Det sentrale Sør-Georgia: Cumberland Bay; Thatcher Peninsula med King Edward Cove (Grytviken); Allardyce Range med toppen Mt. Paget (bilete av NASA)

Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane ligg i det sørlege Atlanterhavet. Dei fleste av øyane stig bratt opp av havet, er kuperte og dominerte av fjell. Toppane på øya er dekte av is og snø.

Sør-Georgiaøyane Sør-Georgiaøyane (spansk Georgias del Sur) ligg kring 1390 km } aust-søraust for Falklandsøyane, ved 54°–55°S, 36°–38°W. Dei består av sjølve Sør-Georgia (den klårt største øya), og øyane rundt ho, i tillegg til nokre avsidesliggande og aude holmar i vest og aust-søraust. Dei har eit samla areal på 3756 km² (utanom Sør-Sandwichøyane).

Øyar i Sør-Georgiaøyane Sør-Georgia (San Pedro på spansk), ligg ved og har eit areal på 3528 km². Ho er dominert av fjell og stort sett bra. Elleve fjelltoppar når over 2000 moh. og i fjellsidene finn ein djupe kløfter fylte med isbrear. Den største er Fortunabreen. Den høgaste toppen er Mount Paget i Allardyce Range på 2934 moh.

Geologisk består øya av gneis og leirskifer utan spor etter fossil.

Mindre øyar og holmar utanfor kysten av Sør-Georgia er: mini|Utsyn over Grytviken. Annenkovøya Birdøya Cooperøya Grass Island Pickersgilløyane Welcomeøyane Willisøyane Trinityøya

Dei avsidesliggande klippene vert òg rekna som ein del av Sør-Georgiaøyane: Shag Rocks 185 km vest-nordvest for Sør-Georgia Black Rock 169 km vest-nordvest for Sør-Georgia og 16 km søraust for Shag Rocks Clerke Rocks 56 km aust-søraust Sør-Georgia

Sør-Sandwichøyane mini|NASA-bilete av Montagu Island Sør-Sandwichøyane (spansk Islas Sandwich del Sur) består av 11 hovudsakleg vulkanske øyar med somme aktive vulkanar. Dei dannar ein øyboge som går frå nord til sør i området 56°18'–59°27'S, 26°23'–28°08'W, mellom kring 560 km og 800 km søraust for Sør-Georgia.

Dei nordlegaste av Sør-Sandwichøyane er Traversay Islands og Candlemas Islands, medan dei sørlege består av Southern Thule. Dei tre største øyane, Saunders, Montagu og Bristol, ligg mellom desse to. Det høgaste punktet i desse øyane er Mount Belinda (1370 moh) på Montagu Island.

Sør-Sandwichøyane er ikkje busette, men ein permanent bemanna argentinsk forskingsstasjon låg på Thule Island frå 1976 til 1982. Det står automatiske vêrstasjonar på Thule (Morrell) Island og Zavodovski. Nordvest for Zavodovski Island ligg Protector shoal, ein undersjøisk vulkan.

Øyane i Sør-Sandwichøyane er frå nord til sør: