Ellen Øseth () er ein norsk master i fiskerifag og SV-politikar. Ho har vore tilsett ved Norsk Polarinstitutt i ei årrekkje, frå 2022 som assisterande direktør. Øseth har også vore fylkespolitikar i Troms fylke, og statssekretær i Miljøverndepartementet.

Virke Øseth studerte frå 2001 til 2008 fiskerifagstudiet ved Noregs fiskerihøgskole ved Universitetet i Tromsø, og oppnådde mastergrad i faget. Ho skreiv hovudoppgåve om forvalting av kongekrabbe.

Frå 2009 til 2017 var ho klimarådgivar og seniorrådgivar i Norsk Polarinstitutt.«Statssekretær Ellen Øseth (SV)», regjeringen.no. Frå 2017 til 2022 var ho seksjonsleiar i Miljørådgivningseksjonen same stad. Frå 1. januar 2022 var ho tilsett som assisterande direktør ved polarinstituttet.

Frå 2003 til 2019 var Øseth fylkespolitikar i Troms for SV. I 2013 vart ho utnemnd til statsekretær for miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Kjelder

Kategori:Statssekretærar frå SV