Mount Sisu er eit fjell i Antarktis. Fjellet har ei høgd på 4300 meter over havet og ligg i Sentinel Range i Ellsworth Mountains, som òg er staden ein finn den høgaste fjelltoppen i Antarktis, det velkjende Vinson-massivet. Dei to toppane som ligg nærast Mount Sisu er Mount Anderson og Mount Bentley.

Den finske fjellklatraren Veikka Gustafsson og Patrick Degerman var dei første som klatra fjellet, i 1997. Det er kalla opp etter det finske omgrepet sisu, som tyder sterk uthaldenheit. Namnet er ikkje offisielt godkjend av United States Geological SurveyUnited States Geological Survey Geographic Names Information System for Antarctican placenames og møter heller ikkje organisasjonen sine krav for geologisk nomenklatur i Antarktis.

Kjelder

Kategori:Ellsworth Mountains Kategori:Fjell i Ellsworth Land Kategori:4000 m-toppar‎