Mount Gunter er eit kjenneleg fjell i Antarktis på 1970 moh., med stupbratte svarte klipper på vestsida. Det ligg ved sørsida av Hariotbreen, 3 nautiske mil aust for Briggs Peak, på vestsida av Den antarktiske halvøya. Fjellet vart først grovt kartlagt av British Graham Land Expedition i 1936–37, og vart fotografert av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i november 1947. Det vart kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey i 1958, og vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee etter Edmund Gunter, ein engelsk matematikar som gjorde dei første stega mot reknestaven med sine «tallinjer» (1617). I 1620 publiserte han tabellar med logaritmar og sinus- og tangentverdiar, som revolusjonerte navigasjonen.
Kjelder
Kategori:Fjell i Graham Land Kategori:Fallières Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter britar