Mount Peary er eit kjenneleg massiv i Antarktis på 1900 moh. med ein flat, snødekt topp som strekkjer seg over fleire kilometer. Fjellet ligg 7 nautiske mil (13 km) aust-nordaust for Cape Tuxen og dominerer området mellom Wiggins- og Busseybreen på Kiev Peninsula i Graham Land. Det vart oppdaga av Den franske antarktisekspedisjonen, 1908–10, under Charcot og vart namngjeven av han etter kontreadmiral Robert E. Peary i U.S. Navy som var den første som nådde Nordpolen i 1909.
Kjelder SCAR Composite Gazetteer of Antarctica.
Kategori:Fjell i Graham Land Kategori:Graham Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter USA-amerikanarar