Henry Hermansen () var ein norsk langrennsløpar og skiskyttar frå Lunner. Han vart noregsmeister i skiskyting i 1959, og vann to NM-bronsar i langrenn og ein i skiskyting. I 1950 fekk han VM-bronse i langrennsstafett for Noreg. Hermansen var busett i Oslo og representerte IL i BUL.
Aktiv Hermansen var ankermann på Oslo Skikrets sitt stafettlag som vart noregsmeister både i 1950 og 1951. Han har to tredjeplassar på 17 km frå ski-NM i langrenn både i 1949 og 1951. Hermansen var med i Noregs tropp til VM på ski i Lake Placid i 1950. Der vart han nummer 15 på 18 km, og var ankermann på Noregs stafettlag som vann bronse.
Hermansen avslutta som skiskyttar. Han vann NM i skiskyting i 1959, og vart såleis den aller fyrste noregsmeister i skiskyting. Same sesongen deltok han i VM i Courmayeur og kom på 10. plass, same plasseringa fekk han også i vinter-OL 1960 i Squaw Valley. I sitt siste VM, i 1962 i finske Tavastehus, vart han nummer 14. Han tok same året bronsemedaljen under noregsmeisterskapen i skiskyting på Elverum.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 1949: Bronsemedalje på 17 km langrenn på Steinkjer 1951: Bronsemedalje på 17 km langrenn i Narvik 1952: Nr 6 på 18 km langrenn i Porsgrunn 1959: Gullmedalje i skiskytingi Oslo 1962: Bronsemedalje i skiskyting på Elverum
Kjelder P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken. 1957 Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Norges Skiskytterforbunds NM-statistikk International Biathlon Unions resultatstatistikk
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1960 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Folk frå Lunner