Big Ben er eit vulkansk fjellmassiv som dominerer geografien på Heardøya i det sørlege Indiahavet. Det er ein komposittkjegle med ein diameter på kring 25 kilometer. Den høgaste toppen er Mawson Peak, på 2745 meter over havet. Mykje av fjellet er dekt av is, inkludert 14 store isbrear som glir ned frå Big Ben til sjøen. Big Ben er det høgaste fjellet i australsk territorium. Eit mindre vulkansk nes, Laurenshalvøya, strekkjer seg kring 10 km i nordvest, skapt av ein separat vulkan, Mount Dixon. Det høagste punktet her er Anzac Peak, på 715 moh.
venstre|mini|Satellittbilete av sørenden av Heardøya. Cape Arkona er sett til venstre på biletet, med Liedbreen like oppom og Gotleybreen like nedanfor. Big Ben og Mawson Peak er sett på høgresida av biletet.
Sjå òg Vulkanar i Australia
Kjelder
Bakgrunnsstoff Klikk her for å sjå eit kart over Heard- og McDonaldøyane Location and history of Heardøya
Kategori:Aktive vulkanar Kategori:Komplekse vulkanar Kategori:Vulkanar på Heard- og McDonaldøyane