Avaldsnes kyrkje er ei steinkyrkje på Avaldsnes i Karmøy kommune i Rogaland fylke. Kyrkja vart bygd i mellomalderen. Kong Kong Håkon IV Håkonsson gav i 1250 løyve til å byggja ei kyrkje på Avaldsnes. Avaldsnes kyrkje var ei av fire kongelege kollegiatkyrkjer, dvs. at ho hadde rett til å utdanne kongetru prestar. Kyrkja var òg ei viktig pilegrimskyrkje i mellomalderen.
Like ved kyrkja står ein skeiv bautastein kalla Jomfru Marias synål. Folketradisjonen seier at når steinen treffer kyrkjeveggen, kjem dommedag. Det blir òg sagt at fleire prestar har kappa toppen av steinen for å unngå dette.
Litteratur Ekroll, Øystein, Stige, Morten, Havran, Jiri, Middelalder i stein bind 1 i serien Kirker i Norge, Oslo 2000, ISBN 82-91399-09-3
Bakgrunnsstoff Biletgalleri i GalleriNOR Jomfru Marias synål «Kirkebøker, Rogaland» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen Om Avaldsnes sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Freda bygg i Rogaland Kategori:Kyrkjer i Karmøy prosti Kategori:Kyrkjer i Karmøy Kategori:Norske kyrkjer frå 1300-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Langkyrkjer i Stavanger bispedømme Kategori:Kulturminne i Karmøy Kategori:Valkyrkjer i 1814