mini|upright|John Keats teikna av Charles Brown. John Keats () var ein engelsk diktar under romantikken. Trass i ei kort verketid var han ein av dei viktigaste diktarane frå den andre generasjonen av romantiske diktarar i England, saman med Lord Byron og Percy Bysshe Shelley.
Keats blei først utgjeven berre fire år før han døydde, og dikta hans hadde ikkje fått god kritisk mottaking. I ettertid voks omdømet hans, og ved slutten av 1800-talet var han rekna som ein av dei mest elska engelske diktarane. Dikta hans har vore populære fram til våre dagar, og har påverka ei rekkje ulike diktarar og andre forfattarar.
mini|venstre|Diktet «Bright Star» skrive av John Keats.
Verk John Keats fekk sine første dikt trykte i The Examiner, eit tidsskrift drive av den radikale Leigh Hunt. Han gav ut si første diktsamling, Poems, i 1817, og Endymion i 1818.
Keats er særleg kjend for ei rekkje odar, som «Ode on a Grecian Urn», «Ode on Indolence», «Ode on Melancholy» og «Ode to a Nightingale» (alle frå 1819). Han fann inspirasjon både i klassisk gresk kultur og i europeisk mellomalderdikting, som Edmund Spenser («Imitation of Spenser», 1814), omsetjaren George Chapman («On First Looking into Chapman's Homer», 1816) og Alain Chartier (som gav tittelen til «La Belle Dame sans Merci»).
Keats er også kjend som ein fin brevskrivar, og kom mellom anna ofte tilbake til hans syn på vesenet til poesien.
Bakgrunnsstoff
Samla verk av Keats ved Bartleby.com Keats House i London The Keats-Shelley House i Roma
Keats på norsk Nordahl Grieg: De unge døde. Keats, Shelley, Byron, Brooke, Sorley, Owen, med oversettelse av deres diktning. Oslo: Gyldendal, 1932 Endymion. En poetisk romanse; gjendikta og med etterord av Geir Uthaug. Oslo: Aschehoug, 2003 ISBN 82-03-18288-7 Nils-Øivind Haagensen: Brev til Fanny Brawne. Oslo: Flamme forlag, 2009
Kjelder Denne artikkelen bygger på «John Keats» frå , den 10. mars 2013.
Kategori:Engelske diktarar Kategori:Romantiske diktarar Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Forfattarar frå London