Inger Solveig Sitter () Tone Staude og Øystein Windstad, 11.03.15: Nrk.no: Inger Sitter er død. var ein norsk prisløna grafikar og målar.
Biografi
Inger Sitter si mor kom frå Viborg i Finland; faren var derimot trøndar og utdanna styrmann. Ho voks opp i Antwerpen og lærte dermed flamsk på skulen. I tenåra var det tydeleg at jenta hadde kunstnartalent, og ho vart difor teken inn på ulike kunstskular, både i Noreg og Antwerpen. Også i vaksen alder har ho veksla mellom å bu i Noreg og i Europa, mellom anna i Antibes i Frankrike. Dei siste åra av livet sitt budde ho på Tjøme i Vestfold.
Allereie i 1948 var ho representert ved Statens høstutstilling. I 1950-åra vart kunsten hennar prega av såkalla lyrisk (naturbasert) abstraksjon. Saman med Irma Salo Jæger og Berit Soot Kløvig danna ho kunstprosjektet Park 62 frå 1973-1976. Frå 1981-1984 var ho professor ved Statens Kunstakademi, og har i tillegg hatt ei rekkje høgtståande verv. Inger Sitter var også oppteken av å betra kåra for norske kunstnarar, og mykje på grunn av innsatsen hennar vart det innført ordning med garantiinntekt.
Kunstverket hennar, In The Picture (1964) vart kåra til eitt av Morgenbladets tolv viktigaste norske kunstverk 1945-2005. Sitter har også laga skulpturar.
Inger Sitter var gift to gonger; fyrste gong med kunstnaren Carl Nesjar, andre gongen med forfattaren Rolf Dahlström.
Prisar og utmerkingar
1978: Oslo bys kunstnerpris 1983: Prins Eugen-medaljen 1998: Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 2010: Forfremja til kommandør av St. Olavs Orden 2011: Vestfold fylkeskommunes kunstnerpris 2011: Norsk kulturråds ærespris
Kjelder
NBL-artikkel om Inger Sitter, skriven av Ole Henrik Moe. Henta inn 11. mars 2013.
Fotnotar
Kategori:Norske målarar Kategori:Norske grafikarar Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:St. Olavs Orden kategori:Vinnarar av Norsk kulturråds ærespris