Mount Ronne er eit markant, flatt fjell som stikk ut frå midten av austsida av Haines Mountains i Ford Ranges i Marie Byrd Land. Fjellet vart truleg først observert på flyturar under Byrd-ekspedisjonen (1928–30). Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Martin Rønne som var seglmakar, skiinstruktør, hundeførar og is-los på Byrd-ekspedisjonen, og som hadde vore med på «Fram» under Sørpolekspedisjonen til Amundsen (1910–12).

Kjelder

Kategori:Fjell i Marie Byrd Land Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn