mini|Jomfrutårnet i den gamle bydelen i Baku.

Baku (aserbajdsjansk Bakı) er hovudstaden og den største byen i Aserbajdsjan. Han er òg den største hamnebyen i landet og i heile Kaukasus. Byen ligg på sørsida av Absjeronhalvøya og består i hovudsak av tre delar: gamlebyen (İçəri Şəhər), oljebyen frå tidleg 1900-tal og den sovjetiskbygde delen av byen. Dei fyrste skriftlege kjeldene nemner byen på 600-talet, men byen kan ha vore grunnlagd fleire hundre år før. Byen hadde i 2011 litt over 2 millionar innbyggjarar, medan storbyområdet kring Baku har omkring 3 millionar innbyggjarar.Bakı şəhəri - Azərbaycan Dövlət Statistika Komitəsi

Gamlebyen i Baku i lag med Sjirvansjahpalasset og Jomfrutårnet vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO i 2000. Ifølgje rangeringa til Lonely Planet er Baku òg av dei ti beste utelivsbyane i verda.

Baku er delt inn i elleve administrative distrikt (rajon) og 48 bydelar. Av desse finst bydelane på øyane i Bakubukta og byen Neft Daşları (Oljeklippene), som er bygd på stylter i Kaspihavet, 60 km frå Baku.

Byen er det økonomiske og kulturelle sentrumet i Aserbajdsjan. Mange store aserbajdsjanske institusjonar har hovudkvartera sine der, som SOCAR, eit av dei 100 største selskapa i verda. Økonomien i Baku er mykje grunna på petroleumsverksemd. Heilt sidan 700-talet har det vore kjend at området har rike førekomstar av petroleum.

Namn mini|Gamle Baku. Postkort frå 1900.

Det er ei brei oppfatning at namnet Baku kjem frå dei gamle persiske namna på byen باد-که Bād-kube, som tyder «vind-hamra by», der bād tyder «vind» og kube kjem frå verbet کوبی kubidan, «å hamre». Dette viser til at byen ligg ein stad der vinden er kraftig, og byen er nettopp kjend for dei kraftige vinterstormane og den harde vinden. Ein trur òg at namnet syner til Baghkuh, som tyder «Gudefjellet», Baga (باغ bagh) og Kaufa (no kuh) som er gammalpersiske ord for «gud» og «fjell». Namnet Baghkuh kan samanliknast med Baghdad («Gudgjeven») der dād er det gammalpersiske ordet for «å gje». Arabiske kjelder refererer til byen som Baku, Bakukh, Bakuya og Bakuye, alle ser ut til å kome frå eit persisk namn.

Historie Dei første skriftlege kjeldene for Baku daterer seg frå det første hundreåret. Mykje av historia sidan den gong er knytte til forskjellige persiske rike.

Byen vart viktig etter at eit jordskjelv øydela Sjamakhi på 1100-talet, då den herskande sjirvansjah, Ahsitan I, valde Baku som den nye hovudstaden sin. I 1501 kringsette safaviden sjah Ismail I Baku. På denne tida var byen omringa av fleire sterke murar, som vart vaska av sjøen på den eine sida og ei vid grøft på den andre. I 1540 vart Baku igjen erobra av safavidane. I 1604 vart festninga i Baku øydelagd av den iranske sjahen Abbas I.

mini|Baku i 1734.

Den 26. juni 1723, etter ein langvarig omleiring med kanonar, vart Baku overgjeven til russarane. Ifølgje eit dekret frå Peter den store var det to regiment (2382 soldatar) i garnisonen i Baku kommandert av prins Barjatjanski, kommandanten i byen. I 1795 vart Baku invadert av Agha Muhammad Khan Qajar for at han kunne forsvare seg mot planane til Russland om å underlegge seg det sørlege Kaukasus. Våren 1796, etter ordre frå Katarina II, starta soldatane til general Zubov eit stort felttog i Transkaukasus. Baku overgav seg etter det første kravet til Zubov, som hadde sendt 6000 soldatar for å erobre byen. Den 13. juni 1796, segla ein russisk flotilje inn i Bakubukta og ein garnison med russiske soldatar vart sett inn i byen. General Pavel Tsitsianov vart utpeikt som kommandant. Seinare gav tsar Pavel I han ordre om å avslutte felttoget og trekkje attende dei russiske styrkane. I mars 1797 forlet tsar-soldatane Baku, men ein ny tsar, Aleksander I, ønskte på ny å erobre Baku. I 1803 inngjekk Tsitsianov eit kompromiss med khanen i Baku, men avtalen vart raskt annullert. Den 8. februar 1806, då Baku overgav seg, stakk og drap Huseyngulu-khanen av Baku Tsitsianov ved portane til byen.

I 1813 signerte Russland freden i Gulistan med Persia, som gjorde at dei fekk Baku og det meste av Kaukasus frå Iran.

Oljeutviklinga mini|Eit oljeraffineri i Baku tidleg på 1900-talet.

Den første oljebrunnen vart mekanisk bort i forstaden Bibi-Heybat i Baku i 1846, men mange handgravne brunnar eksisterte før dette. Frå 1400-talet vart lampeolje utvunne frå oljebrønnar. Kommersiell utnytting av olja byrja i 1872 og i byrjinga av 1900-talet var oljefelta i området dei største i verda. Den storskala oljeutvinninga starta i 1872, då russiske styresmakter auksjonerte bort parsellar av oljerikt land rundt Baku til private investorar. I løpet av ein kort periode dukka sveitsiske, britiske, franske, belgiske, tyske, svenske og amerikanske investorar opp i Baku, mellom anna føretaka til Nobel-brørne i lag med familien von Börtzell-Szuch (Carl Knut Börtzell, som òg eigde Livadia-palasset) og familien Rothschild. Eit industrielt oljebeltet, betre kjend som Black City, vart oppretta nær Baku. På byrjinga av 1900-talet vart nesten halvparten av den totale oljeproduksjonen i verda, vunne ut i Baku.

I 1917, etter oktoberrevolusjonen og midt under den første verdskrigen og oppbrytinga av Det russiske imperiet, kom Baku under kontrollen til ein av Baku-kommune, som vart leia av bolsjeviken Stepan Sjahumjan. Han prøvde å utnytte dei indre etniske konfliktane, som alt eksisterte i området, og våren 1918 inspirerte og førte bolsjevikane borgarkrigar i og rundt Baku. Under dei kjende marsdagane, prøvde bolsjevikane og dasjnakar å få kontroll over gatene i Baku, og stod opp mot ei væpna muslimsk gruppe. Muslimane leid eit knusande nederlag mot den samla styrken til sovjetarane i Baku og fekk så føle villskapen til dasjnakane. Om lag 12 000 aserbajdsjanarar vart ofre for ein massakre utført av radikale armenarar og bolsjevik-soldatar.F. Kazemzadeh. The Struggle For Transcaucasia: 1917—1921, The New York Philosophical Library, 1951, s. 75James Minahan. Miniature empires: a historical dictionary of the newly independent states. Greenwood Publishing Group, 1998. ISBN 0-313-30610-9, 9780313306105Michael Smith. "Anatomy of Rumor: Murder Scandal, the Musavat Party and Narrative of the Russian Revolution in Baku, 1917-1920", Journal of Contemporary History, Vol 36, No. 2, (Apr. 2001), s. 228

Sovjetiske Baku mini|Aserbajdsjansk frimerke til minne om «tragedien 20. januar».

Den 28. mai 1918 erklærte den aserbajdsjanske delen av Den transkaukasiske demokratiske føderale republikken sjølvstende som Den aserbajdsjanske demokratiske republikken (ADR) i Ganja. Kort tid etter rykte aserbajdsjanske styrkar, støtta av den osmanske islamhæren leia av Nuru Pasha inn mot Baku, og erobra til slutt byen frå ein laust samansett koalisjon av bolsjekvikar, eserar, dasjnakar, mensjevikar og britiske styrkar under general Lionel Dunsterville den 15. september 1918. Tusenvis av armenarar i byen vart massakrerte som hemn for dei tidlegare marsdagane.Furuz Kazemzadeh, Struggle For Transcaucasia (1917 - 1921), New York Philosophical Library, 1951, s. 143-144 Baku vart hovudstad i ADR. Den 28. april 1920, invaderte den 11. raude armeen Baku og gjeninnsette bolsjevikane, og gjorde Baku til hovudstad i Den aserbajdsjanske sovjetiske sosialistrepublikken.

Slaget om Stalingrad i andre verdskrig var ein del av tysk framrykking for å få kontroll over petroleumsressursane ved Baku. Så mange år med oljeverksemd har derimot sett sine spor, og Baku er i dag ein av verdas mest forureina byar, både med omsyn til luft- og vasskvalitet. Mot slutten av 1900-talet var store delar av petroleumsressursane til lands vorte utvunne. Utvinninga går etter kvart meir og meir føre seg til havs, offshore i Kaspihavet.

Ved byrjinga av 1990, kort tid før oppløysinga av Sovjetunionen, var Baku åstad for store demonstrasjonar for aserbajdsjansk sjølvstende. 19. og 20. januar, då sovjetiske styrkar gjekk inn i byen for å få slutt på opprøret, blei over hundre menneske drepne. Hendingane er kalla «Svart januar» og minna med ein nasjonal sørgedag 20. januar.

Geografi Baku ligg på vestkysten av Kaspihavet. I nærleiken av byen finst fleire slamvulkanar (Keyraki, Bogkh-bogkha, Lokbatan og andre) og saltsjøar (Boyukshor, Khodasan og fleire).

Klima Baku har eit temperert steppeklima (Köppen si klimaklassifisering: BSk) med varme og tørre somrar og kalde og stundom våte vintrar. Men i motsetnad til mange andre byar med dette klimaet, har ikkje Baku ekstremt varme somrar. Dette kjem hovudsakleg av byen ligg eit stykke mot nord og at han ligg på ei halvøy ved kysten av Kaspihavet. Baku og Absjeronhalvøya, som byen ligg på, er den tørraste delen av Aserbajdsjan (her kjem mindre enn 200 mm nedbør i året). Mesteparten av den vesle nedbøren som kjem, kjem utanom sommaren, men ingen av desse månadane er særleg våte. I sovjettida var Baku eit feriemål med mange solskinstimar og eit tørt, friskt klima der sovjetarane kunne nyte strendene eller no forfalne spakompleks. Sidan byen har ei fortid som eit sovjetisk industrisenter står han att som ein av dei mest forureina byane i verda.

Samstundes er Baku kjend som ein vindfull stad året gjennom med mange kulingdagar. Den kalde nordavinden khazri og den varme sørausten gilavar dominerer heile året. Byen er kjend for kraftige vinterstormar og sur vind. Khazri-vinden kan stundom nå 40 m/s (144 km/t), som kan øydeleggje avlingar, tre og tak.

Den daglege normaltemperaturen i juli og august er i 26,4 °C og det er særs lite nedbør på denne årstida. Om sommaren sveipar den kjølige khazri-vinden over området regelmessig og bringer temperaturen ned til meir behagelege temperaturar. Vinteren er kald og stundom våt med daglege normaltemperaturar i januar og februar på 4,3 °C.Om vinteren fører khazri-vinden, driven av den kalde polarlufta, temperaturane langs kysten til under null grader og i lag med den kraftige vinden vert det bitande kaldt. Ein får stundom snøfall, men dei er sjeldne og snøen ligg sjeldan lenger enn nokre få dagar.

Den årlege normaltemperaturen i Baku og for heile jorda har berre ein skilnad på 0.1 °C, han er 14,2 °C.

Styre

Bydelar I dag er Baku delt inn i 11 rajonar (administrative bydelar) and 5 byliknande busetnader.

+ Bydelar i BakuTerritories, number, density of population and territorial units by economic and administrative regions of Azerbaijan Republic by January 1, 2009 Bydel (Rajon) Innbyggjarar (2009) Areal Binagadi(Binəqədi) 238 600 170 km² Garadagh(Qaradağ) 108 200 1 080 km² Khatai(Xətai) 245 200 30 km² Khazar(Xəzər) 169 100 400 km² Narimanov(Nərimanov) 161 100 30 km² Nasimi(Nəsimi) 208 300 10 km² Nizami(Nizami) 178 100 20 km² Sabail(Səbail) 90 300 30 km² Sabuntsju(Sabunçu) 220 100 240 km² Surakhani(Suraxanı) 195 000 100 km² Yasamal(Yasamal) 232 100 20 km²

Folkesetnad Fram til 1988 budde det mange armenarar, russarar og jødar i Baku, som medverka til eit kulturelt mangfald og som på forskjellig vis (musikk, litteratur, arkitektur) medverka til historia til Baku. Under kommunismen tok sovjetarane tok over mesteparten av dei jødiske eigedomane i Baku og Kuba. Etter at Sovjetunionen kollapsa, gav president Heydar Aliyev fleire av synagogene og eit jødisk universitet nasjonalisert av sovjetarane tilbake til jødane. Han oppfordra til restaurering av desse bygningane og var godt likt av jødane i Aserbajdsjan. Sju av opphavleg elleve synagoger, inkludert Gilah-synagogen frå 1896 og den store Kruei-synagogen, er så langt renovert. Den nye aserbajdsjanske grunnlova gjev religionsfridom og hevdar at det ikkje finst noko statsreligion.

I dag er mesteparten av innbyggjarane i Baku etniske aserbajdsjanar (meir enn 90 %). Den store folkeveksten starta på midten av 1800-talet då Baku var ein liten by med kring 7000 innbyggjarar. Folketalet auka igjen frå kring 13 000 i 1860-åra til 112 000 i 1897 og 215 000 i 1913, som då gjorde Baku til den største byen i Kaukasus.