Alanpiggen (engelsk Alan Peak) er ein fjelltopp på vestsida av munningen av Reecedalen i sørlege delen av H. U. Sverdrupfjella i Dronning Maud Land. Fjellet vart kartlagt frå flyfoto av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–39). Det vart kartlagt på ny av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto av Den norsk-britisk-svenske antarktisekspedisjonen (NBSAE) (1949–1952) og flyfoto av den norske ekspedisjonen (1958–59). Det er kalla opp etter Alan Reece, ein geolog på NBSAE (1949–52) og tidlegare i Falkland Islands Dependencies Survey.

Kjelder

Kategori:Fjell i Dronning Maud Land Kategori:Kronprinsesse Märtha Kyst