Silvan Zurbriggen () er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Brig-Glis i kantonen Valais. Han vann sølvmedaljen i slalåm under verdsmeisterskapen 2003 i St. Moritz, samt bronsemedaljen i den alpine kombinasjonen under Vinter-OL 2010 i Vancouver. Han er ein fjern slektning av Pirmin Zurbriggen.
Aktiv Zurbriggen overraska i 2002 med ein sjetteplass i super-G-rennet under vinter-OL i Salt Lake City. Sesongen etter overraska han på ny med å ta sølvmedaljen i slalåm i den alpine verdsmeisterskapen i St. Moritz. Si fyrste pallplassering i verdscupen oppnådde han i Sestriere i desember 2004, der han vart nummer to i eit slalåmrenn.
Frå 2006 satsa Zurbriggen like mykje på utfor som slalåm, noko som viste att i resultatlistene over kombinasjonstevlingane. I denne øvinga fekk han nytte av sine eigenskapar som slalåm- og utforrennar. Etter eit fall i utforløypa i Gherdëina 15. desember 2007, gjekk han skadd resten av sesongen.
I verdscupen i alpint har Zurbiggen sigra i to tevlingar, fyrst i den alpin kombinasjonen i Kitzbühel 25. januar 2009 og så i utfor i Gherdëina 18. desember 2010. Tre gongar har han vorte nummer to i slalåm i verdscuprenn, fyrst i den førnemnde tevlinga i 2004 og så to gongar i 2009/10-sesongen.
Zurbriggen tok bronsemedaljen i kombinasjonen under vinter-OL 2010. Han la opp i 2015.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap 2002: Nr 6 i super-G under vinter-OL i Salt Lake City 2003: Sølvmedalje i slalåm og nr 7 i kombinasjonen under alpin-VM i St. Moritz 2005: Nr 5 i kombinasjonen og nr 7 i slalåm i alpin-VM i Bormio 2006: Nr 15 i slalåm under vinter-OL i Torino 2007: Nr 8 i superkombinasjonen under alpin-VM i Åre 2009: Nr 4 i superkombinasjonen under alpin-VM i Val-d’Isère 2010: Bronsemedalje i superkombinasjonen under vinter-OL i Vancouver 2011: Nr 12 i utfor under alpin-VM i Garmisch-Partenkirchen 2013: Nr 6 i utfor og nr 7 i superkombinasjonen under alpin-VM i Schladming 2015: Nr 15 i kombinasjonen under alpin-VM i Beaver Creek
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Silvan Zurbriggen» frå , den 17. mars 2013.
Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sveits Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2010