Futago Yama er eit lite fjell med to toppar, den nordlege på 240 moh. og den sørlege på 245 moh., nord i Langhovde i Dronning Maud Land i Antarktis. Det vart kartlagt frå landmålingar og flyfoto tekne under Den japanske antarktisekspedisjonen (JARE), 1957–62. Namnet Futago-yama (Hutago Yama), tyder «tvillingfjell», og vart gjeve av JARE i 1972.
Kjelder
Kategori:Fjell i Dronning Maud Land Kategori:Prins Harald Kyst