Bokstavrim, også kalla allitterasjon, er ei form for rim der ord som rimer har lydlikskap i byrjinga av dei fyrste trykksterke stavingane. Ein oppnår bokstavrim ved å rima like konsonantar med kvarandre, medan vokalar ofte kan forma rimet både når dei er like og ulike.
Bruk av bokstavrim Bokstavrim eller stavrim var eit viktig verkemiddel i norrøn dikting. Det er òg blitt nytta i nyare norsk (og anna) dikting, men meir som verkemiddel enn som påkravd del av diktet.
Fordi eit uttrykk som inneheld bokstavrim høyrest fint ut kan det òg bli brukt som verkemiddel utanfor diktarkunsten, til dømes i talar, overskrifter eller i faste uttrykk.
Døme Faste uttrykk: Synd og skam Skjels år og alder
Frå Håvamål (tredje verset)
Elds er þörf, þeims inn er kominn ok á kné kalinn; matar ok váða er manni þörf, þeim er hefr um fjall farit.
(Kjelde: heimskringla.no)Eld han treng som inn er komen og om kne kulsar. Til mat og klede den mann hev trong som hev i fjellet fari.
(I nynorsk omsetjing av Ivar Mortensson-Egnund)
Frå «På stengrunn» (1925) av Rudolf Nilsen
De unge bjerkene i svarte byen de står og bruser med sitt lyse løv, som om de åndet store skogers vårluft og ikke skorstensrøk og gatestøv.
Kategori:Rimformer Kategori:Litterære verkemiddel Kategori:Poetiske verkemiddel